søndag 1. april 2012

Nye huer og genser med bestefarkrage

Aksel har fått seg nokre nye vårhuer. 
Vi er veldig glade i stjerner, så ei ny stjernehue måtte han få!

Og så er jo grønt skjønt, og veldig inn, så det vart ei grøn ei og:-)



Med genser til, mønster frå Ottobre 1/2012. Fyrste gong eg lage slik bestefarkrage, men det var ikkje så vanskeleg, det heller! Måtte sjølvsagt ha ei merke med Kongen (frå Biler 2) på då for at det skulle bli SKIKKELEG stas. Guten gjeng så og sei berre i Lynet klede, iallefall i barnehagen. Ein av guttaboys veit dokke, kan ikkje svikte dei andre hehe!

Alle stoffa er frå Stoff og Stil

Bitteliten 17.mai kjole

Denne veka har eg sydd ein bitteliten 17.mai kjole til prinsessa vår, som så vidt rekk å kome ut til då.
Eg sydde den heilt utan mønster, berre etter inspirasjon av ein Kappahl kjole. Litt stolt av det då hihi.

Vart den ikkje nydeleg vel? Håper den ikkje er for liten! Men dei er no så bittesmå når dei kjem ut at faren for at den skal vere for stor er vel større;)

Alvekjole

Til jul fekk niesa mi Andrine denne alvekjolen i velur. 
Grunnmønsteret er frå Stoff og Stil, har lagt til lange armer og hetta etter eget mønster. 
Det rosa stoffet i hetta er Lille Martine frå Stoff og Stil, mens det rosa med bambi på er frå Sponflower.



Skjørt til ei stor prinsesse!

For litt sidan hadde mi søte niese Andrine bursdag, ho vart 6 år, og ønskja seg som vanleg heimesydde klede frå tante Janne. Denne gongen fekk ho ikkje kjole, men eit skjørt. Det var fyrste gong eg prøvde meg på skjørt og på slike foldar, og det var jo superenkelt!!! Eg er ikkje så rosa av meg, og ho er litt forbi den perioden sjølv, så eg satsa på blått og grønt. Ei hue får ho alltid, så kjekt med slike fargerike huer, og så er dei akkurat passeleg varme (utanom vinteren då).


Mønster: Ottobre 1/2012
Stoff: hovudstoffet er sengetly frå Stokke, mens kanten og hjartet er Tildastoff. 

Hua er sydd av stoff frå Stoff og Stil

Eg syr igjen!

Heisann, dokke som fortsatt er følger her inne. Bloggen har ligge død eit års tid no. Det har sine grunner... blant anna har eg flytta to gongar, og held no på å pusse opp eit heilt hus, samt opplevd eit par minde hyggelege ting som har tatt energien frå meg, og i tilleg gått gjennom eit hardt svangerskap. Fortsatt har ikkje baby kome, termin 25.april, men den siste tida har eg fått att litt energi og lysta til å sy. 
Foreløpig har eg ikkje lagt ut noko i butikken min. Mulig det kjem etter kvart, har iallefall lyst å fortsette å selge litt. Eg har sydd ein del til guten min på 3 år og til prinsessa i magen. No ønskjer eg fyrst og fremst å samle alt her inne, og håper samtidig eg kan vere til litt inspirasjon for andre. Og så legg eg ut for salg innimellom. 


Body og heildress klart til lille prinsessa, samt ei lita hue. 

Body
Mønster: Ottobre 1/2012
Stoff: Sydilla

Heildress
Mønster: Stoff og Stil
Stoff: Sydilla